NORSK TOMTEFESTELOV OG EMD
Tomtefeste og menneskerett
På mange rettsområde har vi reglar som vernar den antatt svake part mot følgene av avtalar han har inngått. Døme på dette er husleigelova og arbeidsmiljølova som gir leigetakar og arbeidstakar visse rettar – på bekostning av huseigar og arbeidsgjevar – på tvers av det partane har avtala seg imellom.
Slik er det også med tomtefestelova, der tomtefestaren er gitt vern mot innhaldet i festeavtalen som han (eller rettsforgjengaren hans) har inngått med bortfestar (grunneigar).
Eit døme på dette er at når ein tidsavgrensa festeavtale for bustad- eller fritidshus er utløpt, kan festaren etter tomtefestelova § 33 krevje innløysing av tomta utan at innløysingsrett er avtalt. Lova inneheld reglar om korleis løysingssummen då skal fastsetjast, og grovt sett kan ein seie at tomtefestaren skal betale 40% av marknadsverdien. 40%-regelen er antatt å gi partane ei rettferdig fordeling av verdistiginga på[…] Les mer…